• Photo: Otto Gunvaldsen (Opphavsrett)

Snørydding i Sandåsvingen

Det året var den fyrste av fleire vintrar der snøen og vinden viste seg å vera for sterke krefter til at toga kom fram. Før Finsetunnelen kom i 1993 vart toga fleire gonger ståande fast i snømengdene nett her ved Sandå. Krigsvinteren 1943 var vanskeleg på fleire måtar. Bana vart mykje brukt til tysk troppetransport. Dårlege vinterklede og dårleg mat gjorde ikkje arbeidet freistande. Noko av materiellet var nedslite og det var vanskeleg å skaffa nytt. Den vinteren stod trafikken i 24 dagar.  

Vinteren 1975–76 var ein av dei verste, då mykje vind og snø gjorde han til ei samanhengande kraftprøve i sterk kulde for banemannskapa. Gjennom heile vinteren stogga snøen toga, og passasjerar måtte evakuerast. Provisorisk overnatting på hotell og i sovevogner måtte til både i nyttårshelga og i vinterferien, noko som sleit mykje på tolmodet til passasjerane. I vinterferien stod to lokomotiv fast her i halvtanna døgn. Banemannskapet måtte spa dei fram for hand, og opplevde at snøen fylte igjen opningane fortare enn dei greidde å spa.

Share to